Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Personleg service

Som rekneskapsførar får vi fullt innsyn i foretakets økonomi og drift, men ofte og i dine eigne private disposisjoner. Vi legg derfor avgjerande vekt på at du skal ha full tillit til oss, noko som ikkje oppstår 'over natta', men må skapast over tid.
Alle kundane hjå oss vil derfor få sin eigen faste rekneskapsførar, men ved spesielle problem eller spørsmål kan du utnytte den spesialkompetansen som dei andre rekneskapsførarane har, til dømes ved eigarskifte i landbruket. Det er viktig at denne tilliten er gjensidig for at samarbeidet skal fungere, og vi har svært sjeldan opplevd at 'kjemien' ikkje stemmer. Når samarbeidet fungerer godt erfarer vi at kundetilhøvet kan halde fram i mange år.

Lurar du på om vi skal hjelpe deg og verksemda di med økonomi- og reknekapstenester? Ta kontakt med dagleg leiar Sigvart Asle Lie


bilde

Sigvart Asle Lie

Statsautorisert rekneskapsførar. Gründer, dagleg leiar og fagleg ansvarleg. Administrator og supportansvarleg for PowerOffice GO. Utdanning frå BI og Høgskulen i Telemark og med erfaring frå fleire bransjar sidan 1975. Er også skogbrukar og kan bistå med rådgjeving innan dette fagfeltet.
E-post : sigvart@vtr.no

bilde

Irene Heimdal

Rekneskapskonsulent. Tilsett sidan 1987. Irene har breid erfaring med rekneskapsføring for dei fleste bransjar utanom landbruk. Ho har studert økonomifag ved Høgskulen i Telemark.
E-post : irene@vtr.no

bilde

Ingrid Lønnegraff

Statsautorisert rekneskapsførar. Tilsett sidan 1990. Ho har lang erfaring med rekneskapsføring innan dei fleste verksemdtyper. Ingrid har utdanning i rekneskap, skatterett og andre økonomiske fag ved Høgskulen i Telemark. Ho arbeider fast på avdelingskontoret i Vrådal.
E-post : ingrid@vtr.no

                                                                                              Tarjei S. Lauvdal

                                                                                                Statsautorisert rekneskapsførar. Avdelingsansvarleg ved kontoret i Fyresdal Næringshage. Tilsett frå 2012. Han har økonomiutdanning frå Høgskulen i Agder og Høgskulen i Telemark. Han arbeider både med landbruksrekneskap og forretningsrekneskap. Er administrator med supportansvar for PowerOffice GO.
E-post : tarjei.lauvdal@vtr.no
Share on Facebook

Logg inn