Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Nyetablering

Går du med tankar om å etablere eigen verksemd ?

I tillegg til rekneskapstenester og kontorservice etter etablering tilbyr vi eit kostnadsfritt møte med rådgjeving og hjelp før nyetableringa. For å sikre ei trygg framtid med eigen næring er det viktig å ta kontakt med ein erfaren rekneskapsførar på førehand - før verksemda er registrert i Enhetsregisteret !

Hugs at verksemda ikkje kan starte drifta før foretaket er registrert i Brønnøysundregisteret !

Våre statsautoriserte rekneskapsførarar har lang erfaring innan fleire næringar, som handel, entreprenør, transport, eigedom, produksjons- og ymse tenesteytande verksemder, og vil vere gode rådgjevarar i samband med ei planlagt etablering. Hugs at du bør ha ein enkel forretningsplan og eit budsjett eller økonomiplan som grunnlag for etableringa. Om ideen din er god og du vil starte foretaket kan du detaljere planen og budsjettet etter kvart, og bruke den som grunnlag for søknader om etableringsstøtte og finansiering.

Ikkje gløym at verksemda må planlegge drifta med sikte på å kunne gje overskott og løn til innehavar og tilsette. Om planen syner at drifta ikkje vil kunne gje overskott på lengre sikt kan du rekne med at Skatteetaten ikkje gjev frådrag for underskottet. I oppstartperioden er det viktig å sikre at nødvendige meldingar til offentlege etatar,  søknader om eventuelle tilskott frå Innovasjon Norge eller kommunen blir ordna korrekt.

Om du planlegg å bli arbeidsgjevar med en eller fleire tilsette er det fleire ting å ordne i samband med oppstarten. Ein vanlig personalforsikring er svært viktig i tillegg til  aktuelle bedriftsforsikringar for verksemda. Huga og den obligatoriske pensjonsavtalen (OTP) om du har tilsatte med ialt minst 2 årsverk.

Kontakt oss gjerne for meir informasjon om korleis vi kan bistå deg som nyetablerar.

Share on Facebook

Logg inn