Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Om oss

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er eit rekneskapsførarselskap med autorisasjon av Finanstilsynet. Vi har hovudkontoret lett tilgjengeleg i sentrum av Dalen i Tokke kommune. Der arbeider dagleg leiar og tilsette som ikkje har sin faste arbeidsstad på avdelingskontora.

I Vrådal i Kviteseid kommune har vi eit avdelingskontor i sentrumsgata. Der vil du kunne treffe statsautorisert rekneskapsførar Ingrid Lønnegraff. Ho kan treffast på telefon nr. 350 79454.

Vi har og etablert eit avdelingskontor i Fyresdal Næringshage. Der arbeider statsautorisert rekneskapsførar Tarjei Lauvdal. Kontakt han gjerne på telefon 350 79453. Han arbeider og med landbruksrekneskap i økonomisystemet Duett og har fagansvar på support for PowerOffice GO.

Dagleg leiar og fagleg ansvarleg er statsautorisert rekneskapsførar Sigvart Asle Lie frå Dalen som etablerte selskapet i 1987. Har og fagansvar på support for PowerOffice GO.

SKYBASERT REGNSKAP - PowerOffice GO

Til alle rekneskap utanom landbrukskundane våre brukar vi nå kun økonomisystemet PowerOffice GO der kunden mottar EHF-fakturaer eller skannar fakturaer og andre rekneskapsdokument sjølv og rekneskapsførar konterer og bokfører bilaga utan behov for å skrive ut noko i prosessen. Aktuelle EHF-bilag blir vidaresendt deg som kunde for elektronisk godkjenning og påfølgjande betaling frå økonomisystemet, med direkte bankintegrasjon. Transaksjonar i banken blir innhenta av PowerOffice GO neste dag og både du og rekneskapsførar kan dagleg sjekke at inn- og utbetalingar er utført. På denne måten er rekneskapen ajour kvar dag og rekneskapsførar treng ikkje motta, dsortere, kontere og bokføre papirbilag lengre.

Registrering av arbeidstimar som fakturagrunnlag gjer du på mobilappen, og du fakturerer deretter frå PC eller nettbrett og sender EHF-faktura (eller pr. e-post) til kundane dine når jobben er utført. Fakturaene blir samtidig ferdig bokført i rekneskapen utan at rekneskapsførar er involvert.

Dei fleste av kundane våre er lokale og nær eitt av våre kontor, men vi tek og oppdrag for kundar utanfor det næraste lokalområdet. Vi har kompetanse innan dei aller fleste næringar, herunder primærnæringar, og forskjellige selskapsførmer som AS, ANS, DA og sameiger.

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er medlem i Regnskap Norge og i Norges Bondelag. Vi kan og gjennom medlemskap i Skattebetalerforeningen få bistand i særskilt kompliserte saker. Gjennom obligatoriske kurs kvart år får rekneskapsførarane våre oppdaterte kunnskaper om rekneskapsregelverket og skatte- og avgiftsregelverket, herunder aktuelle lovendringer. Dette er ein kontinuerleg prosess som følgje av Stortingets og Skatteetatens iver etter å 'forenkle' skatte- og avgiftsreglene.

bilde

Share on Facebook

Logg inn