Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Gratis rådgjeving før oppstart

Vi tilbyr nyetablerarar eit gratis drøftingsmøte for å lufte forretningsideen sin med oss, herunder avklare spørsmålet om valg av foretaksform. Dette bør gjerast før du legg ned mykje arbeid og kostnader i prosjektet og før du registrerer foretaket !

Også nyetablerarar i ved med generasjonsskifte i landbruket vil ha god nytte av å snakke med oss før alle avtaler og dokument blir ordna. Ta derfor kontakt med oss før du har bestemt deg for å starte næringa og før du ordnar foretaksregistreringa. Om du ønskjer å spørje oss som rådgjevar i denne fasen tilbyr vi deg eit kostnadsfritt møte.

Viktig informasjon til nyetablerarar:

Du har ikkje lov til å starte opp drifta før du har registrert foretaket i Brønnøysundregisteret !

Hugs at du på førehand må finne ut om foretaket kjem inn under "Meirverdiavgiftslova". I så fall har du ikkje lov til å krevje inn moms (skrive "+ moms" eller "herav moms" på fakturaene) før du har blitt registrert i meirverdiavgiftsmanntalet. Dette må stadfestast av Skatteetaten etter at du har sendt inn kopi av dei fyrste fakturaene utan avgift (skal då vere merka "avgiftsfritt") inntil kr 50.000,- i en periode på 12 månader.

Kontakt oss eller Skatteetaten om du har spørsmål om dette.

Hugs og på at du ikkje har frådragsrett for moms på varekjøp og rekvisita frå tida før du har blitt registrert i avgiftsmanntallet. For handelsverksemder er det viktig å telje varelageret på dette tidspunktet. Om du når omsetningsgrensa i løpet av nokre få dagar vil vanlegvis Skatteetaten kunne gje registrering fra fyrste handelsdag.

Om du treng å investere i driftsmidlar som maskiner, inventar, kontorutstyr, varebil mv. vil du kunne få tilbake momsen etter at verksemda har blitt avgiftsregistrert. For kjøp av varebil er det spesielle reglar for momsfrådrag knytta til innehavaren eller tilsette sin bruk av bilen i privat sammenheng. Du kan i så fall ikkje rekne med å få fullt fradrag for moms, men må rekne ut privatbruken på førehand. For personbilar (som ikkje er drosje) er det ikkje frådragsrett for meirverdiavgift. Kontakt oss derfor alltid før du kjøper bil til bruk i næring, og særleg om du planlegg å finansiere den med ei leasingkontrakt.

Share on Facebook

Logg inn