Om oss
Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er eit rekneskapsførarselskap med autorisasjon av Finanstilsynet.
Vi har hovudkontoret i sentrum av Dalen i Tokke kommune.
I Vrådal i Kviteseid kommune har vi eit
avdelingskontor i sentrum som vanlegvis er ope 4 dagar i veka. Det
er Ingrid og/eller Solveig som vanlegvis er å treffe der.
Dagleg leiar og fagleg ansvarleg er autorisert rekneskapsførar
Sigvart Asle Lie frå Dalen, som også er eigar av selskapet.
Selskapet vart etablert i 1987 og vi tilbyr rekneskapstenester og
kontorservice (løn, betalingsservice, fakturering etc.) for alle
typer verksemder.
Dei fleste av kundane våre er frå kommunane nær kontora våre, men vi tilbyr tenestene våre også til kundar utanfor det næraste lokalområdet. Vi har På grunn kompetanse innan dei fleste næringsgreiner, herunder landbruksrekneskap, ansvarlege selskap og sameiger. Vi er nå i alt 8 tilsette i heil- og deltidstillingar.
Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er medlem i Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) og i Noregs Bondelag. Vi kan også gjennom medlemskap i Skattebetalerforeningen få ekspertbistand i særskilt kompliserte saker.
Gjennom fleire kurs kvart år får alle rekneskapsmedarbeidarane ajourført kunnskapene sine, herunder innføring i lovendringar og rettsavgjersler. Dette er ein kontinuerleg prosess som følgje av Stortingets og Skatteetatens iver etter å "forenkle" skatte- og avgiftsreglane.
ASP-teneste / Online-rekneskap / Logistikkfunksjon
Fleire og fleire ser fordelen av å leige datatenester - anten behovet er lite eller stort. For dei som har kompetansen og ynskjer å føre rekneskapen sin sjølv, eller evt. bare har ynskje om å skrive forskriftsmessige fakturaer direkte på datasystemet vårt, tilbyr vi avtale om oppkopling via terminalserveren vår. Vi har nå også høve til å tilby full logistikkfunksjon frå tilbod til fakturering og betaling.
Vi tek oss då av all datadriftinga og hjelper til ved problem eller den øvrige rekneskapsføringa og årsavslutninga, eller kanskje som vikar i travle periodar. Vårt honorar for dette er knytta til antal datatransaksjonar og du slepp å kjøpe dyre dataprogram og kurs langt vekk. Du vil og spare mykje på drifting av PC og datasystem.
Vi har i vårt rekneskapssystem Visma Business også høve til å tilby skanning av bilag for handsaming og bokføring. Også fakturahandtering, halvautomatisk databetaling til leverandørar og automatisk oppfølgjing av kundekrav kan leggjast inn i dette systemet slik at både du og vi kan spare arbeidstid. Dette vil bli den beste måten å organisere rekneskapsarbeidet på i framtida !
Kontakt dagleg leiar Sigvart Asle Lie om du har spørsmål om dette.

