Nyetablerar?

Går du med tankar om å etablere eiga verksemd?

I tillegg til rekneskap og kontoradministrasjon tilbyr vi rådgjeving og bistand ved nyetablering. For å sikre ei vellukka framtid som eigen næringsdrivande er det viktig å ta kontakt med ein erfaren rekneskapsførar på førehand - før foretaket er registrert i Einingsregisteret.

Hugs at verksemda ikkje kan starte drifta før foretaket er registrert i Brønnøysundregisteret.

Våre autoriserte rekneskapsførarar har lang erfaring innan fleire næringar (handel, entreprenør, tenesteytande og produksjonsbedrifter) og vil vere gode rådgjevarar i samband med ei planlagt foretaksetablering. Hugs at du bør ha ein enkel forretningsplan og eit grovt budsjett eller økonomiplan som grunnlag for vurderinga. Om ideen er god og du vil starte foretaket kan du utvide planen og budsjettet etter kvart.

Ikkje gløym at verksemda må planlegge drifta med sikte på å kunne gje overskot og løn til innehavar og tilsette. Om planen syner at drifta ikkje vil kunne gje overskot på lengre sikt kan du risikere at Skatteetaten ikkje gjev frådrag for underskot. I oppstarten er det viktig å sikre at nødvendige meldingar til offentlege etatar, søknader om eventuelle tilskot frå Innovasjon Norge eller kommunen, forsikringsordningar m.v. blir ordna på ein korrekt og fullstendig måte.

Om du planlegg å bli arbeidsgjevar med ein eller fleire tilsette er det fleire ting å ordne i samband med oppstarten. Ei vanleg personalforsikring er då svært viktig i tillegg til bedriftsforsikringar. Hugs og den obligatoriske pensjonsavtala (OTP) om du har tilsette med minst 2 årsverk.

Kontakt oss for meir informasjon om korleis vi kan bistå deg som nyetablerar.