Gratis rådgjeving før oppstart

Vi tilbyr nyetablerarar eit gratis drøftingsmøte for å lufte forretningsideen sin med oss, herunder avklare spørsmålet om val av foretaksform. Dette bør gjerast før du legg ned mykje arbeid og kostnader i prosjektet.

Også nyetablerarar i samband med generasjonsskifte i landbruket vil ha god nytte av å snakke med oss FØR alle avtaler og dokument vert ordna. Ta derfor kontakt med vår daglege leiar før du har bestemt deg for å starte næringsverksemd og før du ordnar foretaksregistreringa. Om du ynskjer å spørje oss som rådgjevar i denne fasen tilbyr vi deg eit kostnadsfritt fyrste møte.

Viktig informasjon for nyetablerarar:

Du har ikkje lov å starte opp næringa før du har registrert foretaket i Brønnøysundregisteret.

Hugs og på at du på førehand må finne ut om foretaket kjem inn under "Meirverdiavgiftslova". I så fall har du ikkje lov til å kreve inn moms (skrive "+ moms" eller "herav moms" på fakturaene) før du har blittt registrert i meirverdiavgiftsmanntalet. Dette må stadfestast av Skatteetaten etter at du har sendt inn kopi av dei fyrste fakturaene utan avgift (skal vere merka "avgiftsfritt") inntil kr 50.000,- i ein periode på 12 månader.

Kontakt oss eller Skatteetaten om du har spørsmål om dette.

Hugs og på at du ikkje har frådragsrett for moms på varekjøp og rekvisita før frå den dato du har blitt registrert i avgiftsmanntalet. For handelsverksemder er det då viktig å telje varelageret på dette tidspunktet. Om du når omsetningsgrensa i løpet av nokre få dagar vil vanlegvis Skatteetaten kunne gje deg registrering frå fyrste handelsdag (etter søknad).

Om du treng å investere i driftsmidlar som maskiner, inventar, varebil m.v. får du tilbake momsen etter at du har blitt registrert. For kjøp av varebil er det særskilte reglar for momsfrådrag knytta til bruk av innehavar eller tilsette i privat sammenheng. Du kan i så fall ikkje rekne fullt frådrag for momsen, men må berekne privatbruken på førehand. For personbilar (som ikkje er drosje) er det ikkje frådragsrett for meirverdiavgift.

Kontakt oss alltid før du kjøper bil til bruk i næringa, og særleg om du planlegg å finansiere den med ei leasingkontrakt.