Om oss

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er eit rekneskapsførarselskap med autorisasjon av Finanstilsynet. Vi har hovudkontoret lett tilgjengeleg i sentrum av Dalen i Tokke kommune, og i Vrådal i Kviteseid kommune har vi eit avdelingskontor i sentrum. Der treffer du autorisert rekneskapsførar Ingrid Lønnegraff dei fleste dagane i veka.

Frå september 2014 har vi også etablert avdelingskontor i Næringshagen i Fyresdal. Der arbeider Tarjei Lauvdal dei dagane han ikkje er på Dalen. Kontakt han på telefon 350 79453 for eventuelt møte i Fyresdal.

Dagleg leiar og fagleg ansvarleg er autorisert rekneskapsførar Sigvart Asle Lie frå Dalen. Selskapet vart etablert i 1987 og tilbyr rekneskapstenester, økonomiservice og kontorstøtte (løn, rekningsbetaling, fakturering etc.) for alle typer verksemder, også landbruk.

SKYBASERT REKNESKAP - VER DIN EIGEN "REKNESKAPSFØRAR"

Vi brukar nå dei mest moderne skybaserte dataløysingane der du som kunde kan skanne fakturaer og kvitteringar og følgje med på rekneskapen din, som vi oppdaterer løpande. Fakturering gjer du sjølv på din eigen PC eller nettbrett og sender elektronisk til kundane dine, og desse blir automatisk bokført i rekneskapen din utan at vi som rekneskapsførar brukar tid på dette. Sjekk nettsidene til PowerOffice GO i Bodø for meir informasjon (https://poweroffice.no/)


Dei fleste av kundane våre er frå kommunane nær kontora våre, men vi har også kundar langt utanfor det næraste lokalområdet. Vi har kompetanse innan dei fleste næringsgreiner, herunder landbruksrekneskap, ansvarlege selskap og sameiger.

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er medlem i Regnskap Norge (tidligare NARF) og i Noregs Bondelag. Vi kan også gjennom medlemskap i Skattebetalerforeningen få ekspertbistand i særskilt kompliserte saker. Gjennom forskjellige kurs kvart år får rekneskapsmedarbeidarane ajourført kunnskapene sine, herunder innføring i lovendringar og rettsavgjersler. Dette er ein kontinuerleg prosess som følgje av Stortingets og Skatteetatens iver etter å "forenkle" skatte- og avgiftsreglane.