Aktuell informasjon

Ikkje frådrag for kontant betalte utgifter over kr 10.000,-

Frå 2011 vart det innført ei maksimalgrense for frådragsrett for kontantbetalte vare- og tenestekjøp på kr 10.000. Dette medfører at alle næringskjøp over kr 10.000 må betalast over bank (giro, bankremisse). Om varekjøpet er over denne grensa vil det ikkje vere frådragsrett for nokon del av kjøpet, heller ikkje om betalinga blir delt opp i fleire kontantsummar eller delvis betalt via bank og kontant.

Hugs derfor på å betale alle større kjøp via faktura og bankoverføring. Kjøp av maskiner og bilar må gjerast ved bankremisse eller vanleg bankgiro.

NB! Dette gjeld også lønsutbetalingar. Alle tilsette, anten dei er ekstrahjelp, ferievikarar eller annan tilfeldig arbeidshjelp må derfor ordne seg med ein bankkonto før du betalar ut løna.

Gjeldande momssatsar:

  • 25 % moms på varer og tenester. Frå 2013 også på arbeid på veg for kommune og stat
  • 15 % moms på mat/næringsmidlar (unntatt alkohol og tobakksvarer)
  • 12 % moms på persontransport inkl. skiheisdrift (frå 1.1.2018)
  • 12 % moms på overnatting og utleige av fritidseigedom i næring (frå 1.1.2018). Dette gjeld også næringsmessig formidling av utleige av fritidsbustad.
Alle varer og tenester skal fakturerast innan ein månad etter levering så lenge det ikkje gjeld ein løpande teneste.

Minstekrav til rekneskapsbilag:

Hugs at momsbeløpet må stå på fakturabilaget eller kvitteringa for å gje frådrag, Dessutan skal selgar som er registrert i avgiftsmanntalet ha org.nr. med "MVA" på salgsbilaget. Selgar må og påføre fakturaen eller kvitteringa kjøpars navn. Om det ikkje klart går fram av bilaget kva kostnaden gjeld må selgar spesifisere vara og kjøpar må skrive kva varene er brukt til.

I bokføringslova er det eit krav at det skal brukast fakturablankettar med fortrykte nr. Dette må forståast slik at opptrykking av blankettar eller kjøp av rekningsblokkar må gjerast i så stort antal at same nr. ikkje skal kunne brukast om att. Dette medfører at mange må bruke datasystem til fakturering av kundane sine, men har du få fakturaer pr. år kan du nok klare deg med fortrykte blankettar så lenge desse har samanhengande nr.serie.

NB! Ikkje bruk handskrivne fakturaer - desse er ikkje godkjende som fakturaer og kunden din kan truleg heller ikkje bruke dei i rekneskapen sin.

Vi kan tilby deg avtale om datafakturering direkte på terminalserveren vår som eit alternativ til å kjøpe eige fakturaprogram.

Frå 2.halvår 2012 kan kommunale og statlege kundar krevje elektronisk faktura - spør oss om kva måte vi kan hjelpe deg med dette.

Viktig melding til drosjeeigarar!

Det er eit lovkrav at alle drosjeeigarar skal føre kasseoppgjersbok dagleg på kontantomsetninga si. Om ikkje dette vert gjort er rekneskapsførar pålagt å seie opp avtalen.


Planlegg du generasjonsskifte i næringa som gåve eller forskot på arv?

Frå 1.januar 2014 er arveavgiftsplikta fjerna ! Det er derfor nå "gratis" å gje gåver og arv til born og borneborn.

Det vart imidlertid innført "kontinuitet" i samband med overføring av næring frå foreldre til born. Dette inneber at mottakar av næringsverksemd ved arv eller gåve ikkje får auka verdien på driftsmidlane slik som ein kunne før når det vart betalt arveavgift av gåvesummen, medrekna den oppskrivne verdien. Nå må neste generasjon halde fram med dei skattemessige verdiane som gjevaren hadde, og avskrivingsgrunnlaget vil då truleg bli vesentleg lågare. Dette vil sjølvsagt medføre at næringa lettare vil kunne få overskot, noko som er positivt, men det negative er at skattegrunnlaget aukar samtidig. Anten du har planar om å gje frå deg næringa di eller du har fått tilbod om å arve ei næring, vil vi rå deg til å kontakte rekneskapsførar for å kalkulere korleis dei nye reglane vil slå ut for deg og den planlagde næringa di.

Om du skal setje igang med fyrste gongs hogst av skog eller har planar om å overta ein eigedom med skog er det svært viktig å kontakte rekneskapsførar på førehand. Det kan vere store summar å spare i skatt dersom du startar opp og gjennomfører drifta på den gunstigaste måten.

SKOGBRUK
Det vart frå 2016 gjort store endringar i skattleggjinga av skogeigedom. Dersom du har mindre tilvekst enn 100 m3 i året kan du reknast som hobbybrukar utan rekneskapsplikt. Om du då tek ein eingongshogst vert heller ikkje inntekta skattlagd fordi skogen "over tid" ikkje reknast for å gje overskot.
Om tilveksten er mellom 100 m3 og 200 m3 kan skogsdrifta reknast som "kapitalskog" utanom næring. Då kan du ikkje vere momsregistrert og inntekta blir bare skattlagd som almenn inntekt.
Begge desse alternativa til full næringsdrift føreset at du ikkje driv aktivt jordbruk i tillegg til skogsdrifta.

Kontakt dagleg leiar for å drøfte kva som er viktig å tenke gjennom før du bestemmer deg for kva driftsform som kan vere mest aktuell for deg.