Honorar
I høve til andre moderne rekneskapskontor av same storleik meiner vi at prisane på tenestene våre er konkurransedyktige og rettferdige. Vi brukar medgått arbeidstid som fakturagrunnlag og vi ynskjer gjerne kundar som er som oss; ryddige og med god orden i bilagsmappene sine !
Dersom du også er ein slik "ryddig" næringsdrivande kan du derfor spare ein god del kroner ved å inngå avtale om rekneskap og økonomistyring med oss !
Alt håp er likevel ikkje ute for deg som som hatar papirarbeid og ikkje har papirene heilt "strøkne". Vi vil hjelpe deg i gang med å lage ein oppsamlingsperm og setje opp rutiner som forenklar kvardagen for deg dersom du vil. For å hjelpe kundane våre å hugse på alle viktige datoar gjennom året sender vi kvart år ein praktisk årskalender med dei viktigaste datoane påført, herunder også dato for bilagsleveringar til oss.
Dei største utfordringane er ofte avstemming av kasse og betalingsterminal (for dei som driv handel). Hugs alltid å telje kassa og summere og signere kasseoppgjersboka dagleg ! Det er svært tidkrevjande om vi må kontrollsummere og avstemme kasseoppgjera om det er feil her, så gode rutiner vil spare deg for mykje ekstraarbeid og meirkostnader !
Dersom vi gjer avtale om forretningsførsel, kontorservice, lønsadministrasjon eller fakturering i tillegg til rekneskapsføringa kan du og vi spare ein del sorteringsarbeid fordi bilaga i så fall blir lagt direkte i bilagspermen etter betaling og vi slepp arbeid med å etterlyse manglande bilag.

