Om oss

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er eit rekneskapsførarselskap med autorisasjon av Finanstilsynet. Vi har hovudkontoret i sentrum av Dalen i Tokke kommune.

I Vrådal i Kviteseid kommune har vi eit avdelingskontor i sentrum som vanlegvis er ope 4 dagar i veka. Det er Ingrid og/eller Solveig som vanlegvis er å treffe der.

Frå oktober 2011 har vi i samarbeid med RD Rekneskap AS også etablert eit avdelingskontor i Høydalsmo.

Dagleg leiar og fagleg ansvarleg er autorisert rekneskapsførar Sigvart Asle Lie frå Dalen, som også er eigar av selskapet. Selskapet vart etablert i 1987 og vi tilbyr rekneskapstenester og kontorservice (løn, betalingsservice, fakturering etc.) for alle typer verksemder.

Dei fleste av kundane våre er frå kommunane nær kontora våre, men vi har også fleire kundar utanfor det næraste lokalområdet. På grunn av vår kompetanse innan landbruksrekneskap og sameiger har vi mange kundar utanfor regionen som har eigedom og næring her. Vi er nå i alt 10 tilsette i heil- og deltidstillingar.

Vi har solid erfaring med forretningsførsel for eigarar av bustadbyggjelag, forretningsbygg, sameiger og annan prosjekt- eller kontoradministrasjon.

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er medlem i Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) og i Noregs Bondelag. Vi kan også gjennom medlemskap i Skattebetalerforeningen få ekspertbistand i særskilt kompliserte saker.

Gjennom fleire kurs kvart år får alle rekneskapsmedarbeidarane ajourført kunnskapene sine, herunder innføring i lovendringar og rettsavgjersler. Dette er ein kontinuerleg prosess som følgje av Stortingets og Skatteetatens iver etter å "forenkle" skatte- og avgiftsreglane.

ASP-teneste / Online-rekneskap

Fleire og fleire ser fordelen av å leige datatenester - anten behovet er lite eller stort. For dei som har kompetansen og ynskjer å føre rekneskapen sin sjølv, eller evt. bare har ynskje om å skrive forskriftsmessige fakturaer direkte på datasystemet vårt, tilbyr vi avtale om oppkopling via terminalserveren vår.

Vi tek oss då av all datadriftinga og hjelper til ved problem eller den øvrige rekneskapsføringa og årsavslutninga, eller kanskje som vikar i travle periodar. Vårt honorar for dette er knytta til antal datatransaksjonar og du slepp å kjøpe dyre dataprogram og kurs langt vekk. Du vil og spare mykje på drifting av PC og datasystem.

Vi har i vårt rekneskapssystem Visma Business også høve til å tilby skanning av bilag for handsaming og bokføring. Også databetaling/overføring til banken din kan leggjast inn i dette systemet slik at både du og vi kan spare arbeidstid.

Kontakt dagleg leiar Sigvart Asle Lie om du har spørsmål om dette.

Vest-Telemark Rekneskapsservice as
Åse Stålekleivs veg 1
3880 Dalen

Telefon: 3507 9450
Telefax: 3507 9459
Mobil: 911 83755