Aktuell informasjon
IKKJE FRÅDRAG FOR KONTANTBETALTE KOSTNADER OVER KR 10.000 !
Frå 2011 innførast
ei maksimalgrense for frådragsrett for kontantbetalte vare- og
tenestekjøp på kr 10.000 !
Dette medfører at alle næringskjøp
over kr 10.000 må betalast over bank (giro, bankremisse). Om
varekjøpet er over denne grensa vil det ikkje vere frådragsrett for
nokon del av kjøpet, heller ikkje om betalinga blir delt opp i
fleire kontantsummar eller delvis betalt via bank og kontant !!
Hugs derfor på å betale alle større kjøp via faktura og bankoverføring. Kjøp av maskiner og bilar må gjerast ved bankremisse eller vanleg bankgiro.
NB ! Dette gjeld også lønsutbetalingar ! Alle tilsette, anten dei er ekstrahjelp, ferievikarar eller annan tilfeldig arbeidshjelp må derfor ordne seg med ein bankkonto før du betalar ut løna !!
NY MATMOMS PÅ 15 % FRÅ 1.JANUAR 2012 !
GJELDANDE MOMSSATSAR FRAM TIL 31.12.2011 :
-
25 % moms på varer og tenester (frå 1. januar 2005)
-
14 % moms på mat/næringsmidlar (unntatt alkohol og tobakksvarer - frå 1.januar 2007)
-
8 % moms på persontransport inkl. skiheisdrift (frå 1.mars 2006)
-
8 % moms på overnatting og utleige av fritidseigedom i næring (frå 1. januar 2008) Dette gjeld også næringsmessig formidling av utleige av fritidsbustad.
Ny matmoms vil gjelde på alle varer levert etter 1.januar 2012 og den som skal fakturere matvarer skal bruke den gamle satsen på varer levert før årsskiftet sjølv om fakturaen blir skrive og sendt ut i januar 2012 !
Alle varer og tenester skal fakturerast innan ein månad etter
levering så lenge det ikkje gjeld ein løpande teneste !
MINSTEKRAV TIL REKNESKAPSBILAG :
Hugs at momsbeløpet må stå på fakturabilaget eller kvitteringa for å gje frådrag ! Dessutan skal selgar som er registrert i avgiftsmanntalet ha org.nr. med "MVA" på salgsbilaget. Selgar må og påføre fakturaen eller kvitteringa kjøpars navn !Om det ikkje klart går fram av bilaget kva kostnaden gjeld må selgar spesifisere vara og kjøpar må skrive kva varene er brukt til !
I bokføringslova frå 2006 er det eit krav at det skal brukast fakturablankettar med fortrykte nr. Dette må forståast slik at opptrykking av blankettar eller kjøp av rekningsblokkar må gjerast i så stort antal at same nr. ikkje skal kunne brukast om att. Dette medfører at mange må bruke datasystem til fakturering av kundane sine, men har du få fakturaer pr. år kan du nok klare deg med fortrykte blankettar så lenge desse har samanhengande nr.serie.
NB ! Ikkje bruk handskrivne fakturaer - desse vil ikkje bli godkjent og kunden din kan truleg heller ikkje bruke dei i rekneskapen sin !
Spør oss om avtale om datafakturering direkte på terminalserveren vår som eit rimeleg alternativ til å kjøpe eige fakturaprogram !
VIKTIG MELDING TIL DROSJEEIGARAR !
Det er eit lovkrav at alle drosjeeigarar skal føre kasseoppgjersbok dagleg på kontantomsetninga si. Om ikkje dette vert gjort er rekneskapsførar pålagt å seie opp avtalen !!!
PLANLEGG DU GENERASJONSSKIFTE ELLER FORSKOT PÅ ARV ?
Frå 1.januar 2009 vart det innført nye grenser og lågare satsar for arveavgift. Den frie summen for årlege gåver er og auka til 0,5 G (om lag kr 39.600 frå 1/5-2011). Om du har planar om å gje arveforskot i form av næring eller eigedom bør du kontakte oss på førehand for utrekning av kva skattemessige verknader dette vil kunne ha og for å rekne ut kva arveavgifta kan bli. Dette bør gjerast før du kontaktar advokat eller andre for gjennomføring av generasjonsskiftet.
Om du driv skogbruksnæring eller har planar om å kjøpe ein eigedom med skog er det svært viktig å kontakte oss før handelen vert gjennomført og du lagar planar for drift. Det kan vere store summar å spare i skatt dersom handelen vert gjennomført og oppstart av drifta vert gjort på den beste måten ! Kontakt Sigvart Asle Lie på telefon 350 79451 for å drøfte kva som er viktig å tenke gjennom før du bestemmer deg. Hugs at rådgjevarar i samband med eigarskifte må ha kompetanse på rekneskap og skatt !

