Bruk oss som din økonomisjef - vi har kompetansen !

Nå er ennå eit driftsår snart omme, men det er nå den viktigaste jobben vår startar ! For at vi skal kunne fullføre oppdraget vårt etter avtala treng vi dei siste rekneskapsdokumenta (fakturaer, kvitteringar, bankutskrifter, kjøpekontrakter m.v.) så fort som mogeleg på nyåret 2012.
Det fyrste vi må prioritere er arbeidet med eventuelle oppgåvepliktige utbetalingar som løner og godtgjersler til tilsette, kårytingar og utbetalingar til næringsdrivande utan fast utsalsstad (til dømes handverkarar). Hugs på at det ikkje er frådragsrett for utgifter som er betalt KONTANT om summen er over kr 10.000 (sum til same person/foretak i løpet av året) ! Dette gjeld også løner og lønsforskot !
For deg som driv varehandel er det svært viktig at varelageret blir opptalt så nær 31.12.2011 som råd, slik at vi slepp å bruke tid på å kalkulere oss fram til rett lager pr. 31.12. Vi vil gjerne ha lagerlistene saman med bilaga for november og desember ! Hugs å summere og signere kvart ark eller bok. Lause ark skal som vanleg vere førehandsnummererte.
Hugs og på at km-standen på næringsbilen skal noterast pr. 31.12.
Vi ynskjer alle kundar og samarbeidspartnarar
GOD JOL OG GODT NYTT ÅR
Dalen, desember 2011
Sigvart Asle Lie, dagleg leiar
Vest-Telemark Rekneskapsservice as
Åse Stålekleivs veg 1
3880 Dalen

Telefon: 3507 9450
Telefax: 3507 9459
Mobil: 911 83755